24 Eg knuser motstandarar framfor han,dei som hatar han, slår eg ned.
25 Min truskap og mi miskunn skal vera hos han,i mitt namn skal han få kraft.
26 Eg legg havet under hans hand,elvane under hans høgre arm.
27 Han skal ropa til meg: ‘Du er min far,min Gud, mitt berg som frelser meg!’
28 Ja, min førstefødde skal han vera,den høgste mellom kongane på jord.
29 Eg skal alltid gjera godt mot han,mi pakt med han står fast.
30 Hans ætt held eg oppe til evig tid,hans trone så lenge himmelen er til.