1 Til korleiaren. Etter «Mut labbén». Ein salme av David.
2 Eg vil takka deg, Herre, av heile mitt hjarte.Eg vil fortelja om alle dine under.
3 Eg vil gleda og fryda meg i deg.Eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste.
4 Når mine fiendar dreg seg attende,snublar dei og går til grunne framfor deg.
5 For du har gjeve meg rett i mi sak,du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.
6 Du truga folka og utsletta dei lovlause,du strauk namnet deira ut for evig.
7 Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid,byar har du rive opp med rot;minnet om dei er ikkje meir.