14 Ver meg nådig, Herre!Sjå kor uvenene mine plagar meg.Du fører meg opp frå dødens portar
15 så eg kan lovprisa deg i Sions portar.Eg vil jubla over di frelse!
16 Folka fell i den grava dei grov,føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.
17 Herren gjev seg til kjenne, han kjem med rettferd.I sine eigne gjerningar blir den lovlause fanga. Higgajon. Sela
18 Dei lovlause skal fara til dødsriket,alle folkeslag som gløymer Gud.
19 Den fattige blir ikkje gløymd for alltid,dei hjelpelause er ikkje for alle tider utan von.
20 Reis deg, Herre!Lat ikkje menneske få makta,lat folka få sin dom for ditt andlet.