5 For du har gjeve meg rett i mi sak,du har sett deg på trona, du rettferdige dommar.
6 Du truga folka og utsletta dei lovlause,du strauk namnet deira ut for evig.
7 Fienden er borte, lagd i ruinar for alltid,byar har du rive opp med rot;minnet om dei er ikkje meir.
8 Men Herren tronar til evig tid,til dom har han reist si trone.
9 Han dømmer verda med rettferd,feller rettferdig dom over folka.
10 Herren er eit vern for dei undertrykte,eit vern når dei er i naud.
11 Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg. Herre, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.