8 Men Herren tronar til evig tid,til dom har han reist si trone.
9 Han dømmer verda med rettferd,feller rettferdig dom over folka.
10 Herren er eit vern for dei undertrykte,eit vern når dei er i naud.
11 Dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg. Herre, du forlèt ikkje dei som søkjer deg.
12 Syng for Herren, han som bur på Sion,fortel om hans gjerningar mellom folka!
13 Han som straffar drap, gløymer ikkje;han hugsar dei hjelpelauses skrik.
14 Ver meg nådig, Herre!Sjå kor uvenene mine plagar meg.Du fører meg opp frå dødens portar