5 Du skyl dei vekk som ein søvn om morgonen.Dei er lik graset som svinn bort.
6 Det blømer om morgonen, så svinn det bort.Om kvelden visnar det og tørkar inn.
7 Vi går til grunne ved din vreide,redsle grip oss ved din harme.
8 Du set syndene våre framfor deg,det vi løyner, stiller du i lyset frå ditt andlet.
9 Alle våre dagar fer forbi,ved din harme går vi til grunne,åra våre er som ein sukk.
10 Vår levetid er sytti år,åtti når det er styrke til det.Dei beste åra er fulle av strev og urett.Dei går fort, og vi flyg av stad.
11 Kven kjenner styrken i din vreide?Din harme gjev grunn til å frykta deg.