3 Han bergar deg frå fuglefangarens snare,frå pest som legg i øyde.
4 Under hans venger kan du søkja ly,med fjørene dekkjer han deg.Hans truskap er skjold og vern.
5 Du skal ikkje frykta for redsler i natta,for piler som flyg om dagen,
6 for pest som fer fram i mørkret,for plage som herjar ved middagstid.
7 Om tusen fell ved di side,ti tusen ved di høgre hand,blir du ikkje råka.
8 Du skal berre følgja det med augaog sjå at dei skuldige får si løn.
9 «Du, Herre, er mi tilflukt.»Den høgste har du gjort til din bustad.