5 Du skal ikkje frykta for redsler i natta,for piler som flyg om dagen,
6 for pest som fer fram i mørkret,for plage som herjar ved middagstid.
7 Om tusen fell ved di side,ti tusen ved di høgre hand,blir du ikkje råka.
8 Du skal berre følgja det med augaog sjå at dei skuldige får si løn.
9 «Du, Herre, er mi tilflukt.»Den høgste har du gjort til din bustad.
10 Det skal ikkje henda deg noko vondt,inga plage skal koma nær ditt telt.
11 For han skal gje englane sine påbodom å verna deg på alle dine vegar.