10 Dine fiendar, Herre,dine fiendar skal gå til grunne,alle som gjer urett, skal spreiast.
11 Du gjev meg kraft som ein villokseog salvar meg med den friskaste olje.
12 Eg kan følgja fienden med auga,eg kan høyra om valdsmenn som reiste seg mot meg.
13 Dei rettferdige skyt opp som palmar,dei veks seg høge som sedrar på Libanon.
14 Dei er planta i Herrens husog blømer i føregardane hos vår Gud.
15 Enno i alderdomen ber dei frukt,dei er friske og frodige.
16 Slik forkynner dei at Herren er rettvis.Han er mitt berg, det er ingen urett hos han.