3 å kunngjera di miskunn om morgonen,din truskap om nettene,
4 til den tistrengja harpa,til linne tonar frå lyra.
5 Herre, du har gledd meg med ditt verk,eg jublar over det dine hender har gjort.
6 Kor store dine gjerningar er,kor djupe dine tankar, Herre!
7 Den uforstandige forstår ikkje dette,dåren skjønar det ikkje:
8 Dei urettferdige skyt opp som gras,alle som gjer urett, blømer,berre for å bli rydda ut for alltid.
9 Men du, Herre, er opphøgd til evig tid.