1 Herre, du er ein Gud som tek hemn.Stig fram i stråleglans, hemnens Gud!
2 Reis deg, du som dømmer jorda,lat dei hovmodige få det dei fortener!
3 Kor lenge, Herre?Kor lenge skal dei urettferdige jubla?
4 Dei talar ein straum av frekke ord,alle som gjer urett, skryter.
5 Dei knuser folket ditt, Herre,og kuar din eigedom.
6 Enkjer og innflyttarar drep dei,og farlause myrdar dei.