3 Kor lenge, Herre?Kor lenge skal dei urettferdige jubla?
4 Dei talar ein straum av frekke ord,alle som gjer urett, skryter.
5 Dei knuser folket ditt, Herre,og kuar din eigedom.
6 Enkjer og innflyttarar drep dei,og farlause myrdar dei.
7 Dei seier: «Herren ser det ikkje,Jakobs Gud merkar det ikkje.»
8 De uforstandige i folket, merk dykk dette!Dårar, når skal de forstå?
9 Høyrer ikkje han som planta øyret,ser ikkje han som forma auget?