5 Havet er hans, han har skapt det,hendene har forma det faste landet.
6 Kom, lat oss knela og kasta oss ned,bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud,vi er folket han gjeter,flokken i hans hand.Ville de berre høyra hans røyst i dag!
8 Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,som den dagen ved Massa i ørkenen,
9 då fedrane dykkar utfordra megog sette meg på prøve,endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg avsky for denne slekta.Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,dei kjenner ikkje mine vegar.
11 Så svor eg i min vreide:Aldri skal dei koma inn til mi kvile!