24 Så seier Herren, Allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin mot deg,som dei gjorde i Egypt.
25 For om ei lita stunder harmen min slokna,og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.
26 Då skal Herren, Allhærs Gud,svinga ei svepe over dei,som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget.Han skal retta staven sin ¬ut over havetog lyfta han sameleis ¬som i Egypt.
27 Den dagen skal det hendaat han tek børa av akslene dineog åket av halsen din;åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.
28 Fienden kjem over Ajjatog dreg gjennom Migron;han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas.
29 Så fer dei over skaret:«I Geba gjev vi oss til ¬for natta!»Rama skjelv av redsle,folket rømer frå Sauls Gibea.
30 Skrik høgt, du Gallim-by!Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot!