1 Den dagen skal du seia:Eg takkar deg, Herre.Du var harm på meg.Men harmen din kvarv, ¬og du trøysta meg.
2 Sjå, Gud er mi frelse,eg er trygg og ottast ikkje.For Herren er mi kraft ¬og min styrke,og han har vorte mi berging.
3 Med fagnad skal de ausa vatnor frelseskjeldene.
4 Og den dagen skal de seia:Lovpris Herren ¬og kall på hans namn!Kunngjer hans gjerningar ¬mellom folka,forkynn at hans namn ¬er opphøgt!