14 Liksom skræmde gasellar,lik sauer som ingen samlar,skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk,og røma, kvar til sitt land.
15 Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast,og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.
16 Småborna deira skal knusastbeint framfor augo på dei;husa deira skal plyndrastog kvinnene takast med vald.
17 Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei,eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølvog ikkje trår etter gull.
18 Med boge feller dei ¬unge menn,dei sparer ikkje fosteret ¬i mors livog har ikkje medkjensle ¬med born.
19 Med Babel, ¬krona mellom kongerike,den stolte kaldear-prydnaden,skal det gå som då Gudla Sodoma og Gomorra i øyde.
20 Aldri meir skal byen byggjast,frå ætt til ætt skal ingen bu der.Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt teltog ingen gjætar la dyra kvila.