2 Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet,og rop til folket med høg røyst!Veifta med handa ¬at dei kan dra inngjennom portane ¬åt dei gjæve menn!
3 Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn,har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn,som skal tena meg ¬i min vreide.
4 Høyr ståket bortover fjellasom av ein veldig hop!Høyr larmen av kongerike,av folkeslag som samlar seg!Det er Herren, Allhærs Gud,som mønstrar sin hær.
5 Dei kjem frå eit land ¬langt borte,frå den ytste himmelrand,Herren og dei folk ¬han vil brukanår han i sin harmelegg heile jorda i øyde.
6 Set i med klagerop,for Herrens dag er nær.Han kjem med øydeleggingfrå Den Allmektige.
7 Difor sig alle hender,kvart menneske misser motet.
8 Dei vert gripne av redsle.Ve og verk kjem over dei,dei vrid seg ¬som ei fødande kvinne.Mållause stirer dei ¬på kvarandre,eldraude er dei i andletet.