9 Sjå, full av gru er Herrens dag,han kjem med harme ¬og brennande vreide.Han skal gjera jorda audog rydja ut syndarane der.
10 For stjernene og stjernebileta ¬på himmelenlèt ikkje ljoset sitt skina.Mørk er sola når ho renn,og månen lyser ikkje.
11 Eg vil straffa jorda ¬for hennar vondskapog dei gudlause ¬for deira misgjerning.Eg gjer ende ¬på dei store og stolteog bøyer hovmodige ¬valdsmenn.
12 Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull,menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.
13 Difor skjek eg himmelen,og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage,fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harmden dagen vreiden hans brenn.
14 Liksom skræmde gasellar,lik sauer som ingen samlar,skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk,og røma, kvar til sitt land.
15 Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast,og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.