16 Dei som ser deg, stirer på deg,undrast og seier:«Er dette den mannen ¬som skok jordaog fekk kongerike til å skjelva,
17 han som gjorde verda ¬til ei øydemark,la byar i grusog aldri lét fangar ¬få fara heim?»
18 Alle kongane over folka kvilermed ære, kvar i sitt hus.
19 Men du ligg bortslengd ¬og har inga grav,du er som ein vanvørd kvist.Du er overbreidd ¬av drepne menn,som er gjennombora med sverdog kasta ned i ei steingrav,som eit nedtrakka åtsel.
20 Du får ikkje koma i grav ¬med andre,for landet ditt har du øydt,og folket ditt har du drepe.Dei som er ætta ¬frå ugjerningsmenn,skal aldri nemnast meir.
21 Gjer slaktebenken ferdig ¬til sønene hansfor den misgjerning ¬deira fedrar har gjort!Dei skal ikkje stå opp ¬og ta jorda i eigeog grunnleggja byar ¬kringom i verda.
22 Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren.