2 Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og så skal Israels ætt i Herrens land gjera andre folk til sin eigedom, til trælar og trælkvinner. Dei som heldt dei i fangenskap, skal verta deira fangar, og dei skal rå over dei harde herrane sine.
3 Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg,
4 då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen: Sjå, no er det ute ¬med valdsherren,no er det slutt ¬på hans ville framferd!
5 Herren har brote sund staven ¬åt dei gudlause,styrarstaven åt tyrannane,
6 som råka folkeslag i harmeog aldri heldt opp med å slå,som tvinga folket under seg ¬i vreideog forfylgde dei utan miskunn.
7 Heile jorda har fått fred og ro,folk set i med fagnadrop.
8 Jamvel sypressane gleder segover det som har hendt deg,og sedrane på Libanon jublar:«Sidan du fall,kjem ingen opp og feller oss.»