6 som råka folkeslag i harmeog aldri heldt opp med å slå,som tvinga folket under seg ¬i vreideog forfylgde dei utan miskunn.
7 Heile jorda har fått fred og ro,folk set i med fagnadrop.
8 Jamvel sypressane gleder segover det som har hendt deg,og sedrane på Libanon jublar:«Sidan du fall,kjem ingen opp og feller oss.»
9 Dødsriket der nede kjem i uronår det skal ta imot deg.For di skuld ¬vekkjer det daudingar,alle som var fyrstar på jorda;det får alle kongane over folkatil å reisa seg frå sine troner.
10 Dei tek til ords og seier til deg:«Så er du òg vorten kraftlaus ¬som vi,no er vi alle like.
11 Du som var så stor og stolt,til dødsriket er du nedstøyttmed dine klingande harper.No ligg du på ei roten lege,mòl og makk er ditt teppe.»
12 Kor du er fallen frå himmelen,du strålande morgonstjerne,du son åt morgonroden!Kor du er slengd til jorda,du som la under deg folkeslag!