1 Ve deg, land, ¬der venger svirrar,bortanfor elvane i Nubia,
2 du som sender bodberarar ¬over sjøen,med sevbåtar over vatnet!Gå, de snøgge sendemenn,til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud,til folket dei ottast vide ikring,det sterke folket ¬som trakkar ned andre,i eit land som er gjennomskore ¬av elvar.
3 Alle de som lever på jorda,som byggjer og bur ¬ikring i landa,sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell,høyr etter når dei blæs i horn!
4 For så har Herren sagt til meg:Frå min bustad ser eg ¬roleg ned,som når heten dirrar ¬i solskinet,som når skoddeeimen ligg der ¬ein haustdag.
5 Men etter at bløminga er slutt,når druene held på og mognast,men før dei enno er hausta,skjer han rankene bort ¬med kniv,riv dei av og kastar dei frå seg.