2 du som sender bodberarar ¬over sjøen,med sevbåtar over vatnet!Gå, de snøgge sendemenn,til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud,til folket dei ottast vide ikring,det sterke folket ¬som trakkar ned andre,i eit land som er gjennomskore ¬av elvar.
3 Alle de som lever på jorda,som byggjer og bur ¬ikring i landa,sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell,høyr etter når dei blæs i horn!
4 For så har Herren sagt til meg:Frå min bustad ser eg ¬roleg ned,som når heten dirrar ¬i solskinet,som når skoddeeimen ligg der ¬ein haustdag.
5 Men etter at bløminga er slutt,når druene held på og mognast,men før dei enno er hausta,skjer han rankene bort ¬med kniv,riv dei av og kastar dei frå seg.
6 Dei skal alle gjevasttil rovfugl i fjellet ¬og villdyr på marka.Om sommaren er rovfuglen ¬over deiog om vinteren alle dei ¬ville dyr.
7 På den tid skal dei koma med gåver til Herren, Allhærs Gud, frå det høgvaksne folket med glinsande hud, frå folket dei ottast vide ikring, det sterke folket som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore av elvar, – til den staden der namnet åt Herren, Allhærs Gud, bur, til Sion-fjellet.