1 Domsord mot Egypt. Sjå, Herren fer fram ¬på lette skyog kjem til Egypt.Egyptargudane skjelv for han,og motet kverv hjå egyptarane.
2 Eg eggjar egyptar mot egyptar,så dei strider, kvar mot ¬sin bror,mann mot mann og by mot by,og kongerike mot kongerike.
3 Egyptarane går frå sans ¬og samling,eg skiplar deira planar.Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn,til gjengangarar ¬og spådomsånder.
4 Men eg vil gje egyptaranei ein hardstyrars vald og makt;ein mektig konge ¬skal rå over dei,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre.
5 Då turkar vatnet i Nilen bort,elva vert tom og turr.
6 Elvefara ligg og tevjar,Nilens armar minkar ¬og turkar ut,røyr og sev svartnar og visnar.