17 Juda-landet skal verta ei redsle for egyptarane. Så ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva av angst for den planen Herren, Allhærs Gud, har lagt mot dei.
18 På den tid skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans tungemål og sver truskap til Herren, Allhærs Gud. Ein av dei skal kallast Ir-Haheres.
19 På den tid skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte ved grensa.
20 Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren, Allhærs Gud, i Egypt. Når dei ropar til Herren om hjelp mot valdsmenn, skal han senda dei ein bergingsmann og stridsmann, og han skal frelsa dei.
21 Då skal Herren gjera seg kjend for egyptarane; dei skal læra han å kjenna på den tid. Og dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje han lovnader og halda dei.
22 Herren skal slå egyptarane – slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han skal høyra bønene deira og lækja dei.
23 På den tid skal det vera ein jamn veg frå Egypt til Assyria. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assyria, og saman skal dei tena Herren.