3 Egyptarane går frå sans ¬og samling,eg skiplar deira planar.Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn,til gjengangarar ¬og spådomsånder.
4 Men eg vil gje egyptaranei ein hardstyrars vald og makt;ein mektig konge ¬skal rå over dei,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre.
5 Då turkar vatnet i Nilen bort,elva vert tom og turr.
6 Elvefara ligg og tevjar,Nilens armar minkar ¬og turkar ut,røyr og sev svartnar og visnar.
7 Graset som veks ¬frammed Nilen,og alt som er sått langs elva,turkar, fyk bort og kverv.
8 Fiskarane syrgjer og klagar,alle som kastar krok i Nilen;og dei som set garn i vatnet,misser reint motet.
9 Dei som arbeider med lin, ¬vert til skammar,dei som kardar og vev, ¬bleiknar.