7 Graset som veks ¬frammed Nilen,og alt som er sått langs elva,turkar, fyk bort og kverv.
8 Fiskarane syrgjer og klagar,alle som kastar krok i Nilen;og dei som set garn i vatnet,misser reint motet.
9 Dei som arbeider med lin, ¬vert til skammar,dei som kardar og vev, ¬bleiknar.
10 Alle vevarane sturer,lønsarbeidarane er ille til mote.
11 Berre dårar ¬er hovdingane i Soan,vismennene åt farao ¬gjev dumme råd.Korleis kan de seia til farao:«Vi er ætta frå vismenn,frå kongar i gamal tid»?
12 Kvar er då vismennene dine?Lat dei fortelja ¬og kunngjera degkva Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føreå gjera med egyptarane.
13 Dårar er hovdingane i Soan,stormennene i Nof ¬har late seg narra.Ættehovdingane i Egypthar ført folket sitt vilt.