1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det hendaat Herrens tempelberg skal stågrunnfest høgt over alle fjellog lyfta seg opp over haugane.Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad ¬og seia:«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegar,og vi kan ferdast på hans ¬stigar!For frå Sion skal lovlære gå ut,og Herrens ord frå Jerusalem.»
4 Han skal døma ¬mellom folkeslaga,skifta rett for mange folk.Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjernog spyda sine til vingardsknivar.Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folkog ikkje lenger læra å føra krig.
5 Kom, Jakobs ætt,lat oss ferdast i Herrens ljos!