6 Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt.For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland,driv med spådom ¬som filistaraneog gjev handslag ¬til framande folk.
7 Landet deira er fullt ¬av sølv og gull,det er ingen ende ¬på skattane deira.Landet deira er fullt av hestar,det er ingen ende ¬på vognene deira.
8 Landet deira er fullt ¬av avgudar;dei bøyer seg og tilbeddet dei har laga ¬med eigne hender,det dei har gjort ¬med eigne fingrar.
9 Då skal mennesket bøyastog mannen audmykjast.Tilgjev dei ikkje!
10 Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jordafor Herren som vekkjer redsle,og for hans stordom og velde!
11 Mannen må slå ¬sine stolte augo ned,og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt.Einast Herren er høg den ¬dagen.
12 For Herren, Allhærs Gud,har sett ein dag til domover alt som er stort og stolt,over alt som ris i veret– det skal siga i hop,