1 Sargon, kongen i Assyria, sende hærføraren sin av stad, og då han kom til Asjdod, stridde han mot byen og tok han.
2 Det året hadde Herren tala såleis til Jesaja, son til Amos: «Gå og løys strieplagget av hoftene dine og ta skorne av føtene dine!» Han så gjorde og gjekk naken og berrføtt.
3 Då sa Herren: «Liksom Jesaja, tenaren min, har gått naken og berrføtt i tre år, til teikn og varsel mot Egypt og Nubia,
4 såleis skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Nubia, både unge og gamle – nakne og berrføtte og med berr bak – til vanære for Egypt.
5 Då skal folk verta forfærde og skjemmast over Nubia som dei sette si von til, og over Egypt som dei var så stolte av.
6 Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, såleis har det gått med dei som vi sette vår von til og flydde til etter hjelp, så vi kunne bergast frå assyrarkongen. Korleis skal vi då koma unna?»