11 På gatene jamrar deiav di dei ikkje får vin,all jubel er borte,gleda er lyst frå landet.
12 Berre uhyggje er att i byen,og porten ligg krasa.
13 For mellom folka på jordskal det gå på same vissom når ein slår ned oliveneller sankar druer som heng attnår vinhausten er til ende.
14 Men somme lyfter si røystog jublar over Herrens velde.Dei ropar av glede i vest:
15 «Gjev Herren ære,de som bur i Austerland!Pris namnet åt Herren, ¬Israels Gud,de som bur på øyar ¬og strender!»
16 Frå heimsens ende ¬høyrer vi songar:Ære vere Den Rettferdige!Men eg må seia:Eg går til grunne!Ve meg, eg går til grunne!Ransmenn ranar,ja, ransmenn ranar og herjar.
17 Det vert gru og grav og garnfor deg som bur på jorda.