17 Det vert gru og grav og garnfor deg som bur på jorda.
18 Den som rømer ¬for det grufulle ståket,skal falla i grava,og den som kjem seg opp ¬or grava,skal fangast i garnet.For lukene i det høge er opna,og grunnvollane ¬under jorda skjelv.
19 Jorda brest og knest,jorda ragar og svagar,jorda skjek og skjelv.
20 Jorda ragar ¬som ein drukken mannog svagar ¬som vaktmannens skur.Tungt ligg synda på henne,ho fell og reiser seg ikkje meir.
21 Den dagen skal Herren straffahimmelhæren i det høgeog kongane nede på jorda.
22 Dei skal samlast ¬som fangar i hola,stengjast inne i fengselog langt om lenge få si straff.
23 Då skal månen blygjast ¬og sola skjemmast;for Herren, Allhærs Gud, ¬er kongepå Sion-fjellet og i Jerusalem,og syner sin herlegdom ¬for sine eldste.