4 Jorda sturer og visnar,jorderiket tærest og turkar,både himmel og jord ¬sjuknar bort.
5 Jorda er vanhelgaav dei som bur der.For dei har sett seg ¬ut over lover,levt i strid med føresegnerog brote den evige pakt.
6 Difor skal forbanninggjera ende på jorda,og dei som bur der,må bøta for si skuld.Difor minkar folket på jord,og få er dei som vert att.
7 Vinen turkar bort, ¬vintreet visnar,og alle som var glade, sukkar.
8 Det er slutt ¬på den lystige trommeklang,slutt på ståk og jubelrop;dei glade tonar ¬frå lyra har stilna.
9 Syngjande tømer dei ¬ikkje vinstaupet meir,beisk er den sterke drikken.
10 Den aude byen ligg knust,kvart hus er stengt, ¬så ingen slepp inn.