6 Difor skal forbanninggjera ende på jorda,og dei som bur der,må bøta for si skuld.Difor minkar folket på jord,og få er dei som vert att.
7 Vinen turkar bort, ¬vintreet visnar,og alle som var glade, sukkar.
8 Det er slutt ¬på den lystige trommeklang,slutt på ståk og jubelrop;dei glade tonar ¬frå lyra har stilna.
9 Syngjande tømer dei ¬ikkje vinstaupet meir,beisk er den sterke drikken.
10 Den aude byen ligg knust,kvart hus er stengt, ¬så ingen slepp inn.
11 På gatene jamrar deiav di dei ikkje får vin,all jubel er borte,gleda er lyst frå landet.
12 Berre uhyggje er att i byen,og porten ligg krasa.