10 Bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»
11 Ja, gjennom folk ¬med stammande lipperog med framandt tungemålskal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei:«Her er stadender dei kan slå seg ned.Lat den trøytte få ro,her kan han kvila.»Men dei ville ikkje høyra.
13 Så skal då Herrens ordfor dei verta «bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»Når dei går, skal dei snåva,detta bakover og skamslå seg,gå i snara og verta fanga.
14 Så høyr då Herrens ord, ¬de spottararsom rår over folket i Jerusalem!
15 De seier: «Vi har gjort ei pakt ¬med døden,ein avtale med dødsriket.Når flaumen kjem veltande,skal han ikkje nå oss.For vi har gjort lygn til livdog løynt oss bak svik.»
16 Difor, så seier Herren vår Gud:Sjå, eg legg ein grunnstein ¬på Sion,ein velprøvd stein,ein dyrverdig, ¬grunnfast hjørnestein.Den som trur, tek det med ro.