19 Så tidt han kjem farande,skal han riva dykk med seg.For morgon etter morgon ¬skal han koma,ja, både dag og natt.De skal skjelva av redslenår de skjønar bodskapen.
20 For senga er for korttil å strekkja seg iog teppet for litetil å sveipa seg i.
21 Ja, Herren skal reisa segsom på Perasim-fjelletog harmast som ¬i Gibeon-dalen.Han skal gjera si gjerning,ei underleg gjerning.Han skal gjera sitt verk,eit sjeldsynt verk.
22 Hald no opp ¬med den frekke spott,så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast!For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrtat øyding er fastsett ¬for heile landet.
23 Vend øyra til og høyr mi røyst,lyd etter og høyr kva eg seier!
24 Når bonden pløyer og skal så,held han då støtt påmed å pløya og snu ¬og horva si jord?
25 Nei, når han har jamna åkeren,spreier han dill ¬og strøyer ut karve,sår kveite, durra, bygg ¬og hirse,og spelt langsmed åkerreina.