2 Sjå, Herren sender ¬ei mektig kjempe.Som ein hagl-eling, ¬ein øydande storm,som ei kraftig regnskur ¬med flaumar av vatnslår han dei til jorda med makt.
3 Under fot skal han trakkast,den stolte kransenåt Efraims drukne menn.
4 Med dei visnande blomane,Efraims herlege prydnad,på høgda ¬over den grøderike dalen,skal det gå ¬som med ein sommarfikensom er mogen før hausten:Når nokon ser han, ¬sluker dei hanså snart dei får han i handa.
5 Den dagen skal Herren, ¬Allhærs Gud,verta ein fager krans ¬og ei strålande kronefor leivningen av folket sitt.
6 Han skal gje den ¬som sit på domarsetet,evne til å døma rett,og styrkja dei som drivfienden attende frå porten.
7 Men det er andre òg ¬som sjanglar,som ragar av vin ¬og sterk drikk:Prestar og profetar er drukne,heilt fortumla av vin.Dei ragar ¬av den sterke drikken,dei sjanglar når dei har syner,og er ustøe når dei dømer.
8 Ja, alle bord er fulle av spy,ikkje ein flekk er rein.