22 Hald no opp ¬med den frekke spott,så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast!For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrtat øyding er fastsett ¬for heile landet.
23 Vend øyra til og høyr mi røyst,lyd etter og høyr kva eg seier!
24 Når bonden pløyer og skal så,held han då støtt påmed å pløya og snu ¬og horva si jord?
25 Nei, når han har jamna åkeren,spreier han dill ¬og strøyer ut karve,sår kveite, durra, bygg ¬og hirse,og spelt langsmed åkerreina.
26 Hans Gud har synt han ¬den rette måtenog lært han ¬korleis det skal gjerast.
27 Ingen treskjer dill med sledeeller rullar vognhjul over ¬karve.Nei, dill vert banka ut med ¬stavog karve med ein kjepp.
28 Vert vel brødkornet knust?Nei, ein treskjer det ¬ikkje for lenge.Ein køyrer hestar ¬og vogner over,men lèt ikkje hjula ¬knusa kornet.