1 Sjå, Herren, Allhærs Gud,tek bort frå Jerusalem ¬og Judakvar stav dei stør seg til:kvar støtte av brød ¬og kvar støtte av vatn,
2 både krigar og stridsmann,domar, profet, ¬spåmann og eldste,
3 femtimannsførar ¬og høgvørd mann,rådgjevar, trollmann ¬og kunnig åndemanar.
4 Så gjev eg dei born ¬til styresmenn,villstyringar skal rå over dei.
5 Folk skal vera harde ¬med kvarandre,mann med mann ¬og granne med granne;guten skal setja seg opp ¬mot den gamle,fanten mot fagnamannen.
6 Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»
7 så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»