4 Så gjev eg dei born ¬til styresmenn,villstyringar skal rå over dei.
5 Folk skal vera harde ¬med kvarandre,mann med mann ¬og granne med granne;guten skal setja seg opp ¬mot den gamle,fanten mot fagnamannen.
6 Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»
7 så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»
8 Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.
9 Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.
10 Sei at det går den ¬rettferdige vel,han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.