14 Han går i knas som eit leirkar,som ein slår sund utan skånsel.Mellom stykka ¬finst det ikkje eit krusbrotsom kan brukast ¬til å henta eld frå åreneller til å ausa vatn or brunnen.
15 Så sa Herren Gud,Israels Heilage:«Vender de om ¬og held dykk i ro,skal de verta frelste.I stilla og tillitskal dykkar styrke vera.»Men de ville ikkje.
16 De sa: ¬«Nei, med hestar vil vi fara,»– ja, de skal så visst få fara!«og med snøgge vogner ¬vil vi køyra.»Ja, snøgge er dei ¬som forfylgjer dykk!
17 Tusen skal fly ¬når ein einaste trugar,for trugsmål frå fem ¬skal de røma,til berre ein leivning er att,som eit samlingsmerke ¬på ein fjelltopp,som ei merkestong på ¬ein haug.
18 Men Herren stundar etter ¬å vera dykk nådig;difor reiser han seg ¬og vil visa dykk miskunn.For Herren er rettens Gud.Sæle er alle som ventar på han!
19 Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg.
20 Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg,