19 Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg.
20 Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg,
21 og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!»
22 Då skal du halda dei for ureine, dei sølvkledde gudebileta dine og dei gullkledde støypebileta dine. Du skal slengja dei bort som skitne filler. «Ut med dykk!» skal du seia.
23 Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker.
24 Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip.
25 På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell.