1 Øydemark og turrlende ¬skal gleda seg,den aude hei ¬skal jubla og bløma.
2 Ho skal bløma som liljaog jubla, ja ropa av fryd.Libanons herlegdom ¬får ho i gåve,Karmels og Sarons prydnad.Herrens herlegdom ¬skal folket få sjå,stråleglansen frå vår Gud.
3 Styrk dei kraftlause hender,gjer dei skjelvande kne sterke!
4 Sei til dei urolege hjarto:Ver frimodige, ver ikkje redde!Sjå, der er dykkar Gud!Han kjem med straff.Gud vil gjera attergjeld.Sjølv kjem han og frelser dykk.
5 Då skal blinde augo opnastog dauve øyro latast opp.