4 Sei til dei urolege hjarto:Ver frimodige, ver ikkje redde!Sjå, der er dykkar Gud!Han kjem med straff.Gud vil gjera attergjeld.Sjølv kjem han og frelser dykk.
5 Då skal blinde augo opnastog dauve øyro latast opp.
6 Då skal den lame ¬springa som ein hjortog tunga åt den mållause jubla.For kjelder bryt fram ¬i øydemarkaog bekker på dei turre vidder.
7 Den gloande sand ¬vert til sevkransa sjø,det tyrste land ¬til vassrike kjelder.Sjakalars mark ¬vert ein kvilestad,der graset gror ¬mellom røyr og sev.
8 Og der skal det ¬vera ein kongsveg,Den heilage vegen ¬skal han kallast.På den skal ingen urein ¬ferdast,det skal vera ein pilegrimsveg ¬for Guds folk;ikkje eingong dårar ¬skal fara vilt.
9 Der skal inga løve ferdastog inkje rovdyr setja sin fot;dei skal ikkje finnast meir.Men dei utløyste ¬skal ferdast der.
10 Herrens utløyste ¬skal venda heim att.Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,med evig glede om si panne.Fryd og glede skal møta dei,sorg og sukk må røma.