1 I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.
2 Så sende assyrarkongen hærføraren sin med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Han stogga innmed vassleidningen frå Øvredammen, attmed vegen til Bleikjevollen.
3 Då gjekk slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, ut til han saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf.
4 Hærføraren ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen i Assyria: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg?
5 Meiner du at tome ord er råd og styrke i krig? Kven er det du lit på, sidan du har sett deg opp mot meg?