1 På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»
2 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.
3 «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4 Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så: