14 Eg pip som svala og trastaog klynkar som ei due.Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge.Eg er i naud, Herre,gå god for meg, du!
15 Kva skal eg seia?Han gav meg ein lovnadog har gripe inn.Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagaretter all mi sjelekvide.
16 Herre, ved dette ¬får menneske liv,det held mi ånd i live.Så gjer meg då frisk,og lat meg få leva!
17 Sjå, det som var så bittert,har vorte til fred for meg.Du har spart mitt liv,så eg ikkje går til grunne ¬i grava.For alle mine synderhar du kasta bak din rygg.
18 Dødsriket prisar deg ikkje,ingen av dei døde lovar deg.Dei som fer ned i grava,ventar ikkje på din truskap.
19 Dei levande er det ¬som prisar deg,liksom eg i dag.Ein far fortel sine sønerom din truskap, Gud.
20 Herren vil frelsa meg.Kom, lat oss spela på harpeframfor Herrens hus ¬alle våre dagar.