3 «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4 Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så:
5 «Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di.
6 Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde, og eg vil verna denne byen.
7 Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova:
8 Eg lèt skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar attende, like langt som ho før hadde gått fram.
9 Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen: