9 Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:
10 Eg tenkte:I mine beste år må eg gå bort.Attmed portane til dødsriket ¬må eg halda tildei dagar eg har att.
11 Eg sa: Eg får ikkje sjå Herreni landet åt dei levande.Eg får ikkje skoda ¬menneske meirmellom dei som bur på jorda.
12 Som eit gjætarteltvert min bustad teken nedog ført bort ifrå meg.No rullar eg saman min ¬livsvev,dei siste trådane skjer han av.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.
13 Eg ropar om hjelp ¬til morgonen renn;som ei løve ¬knasar han alle mine bein.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.
14 Eg pip som svala og trastaog klynkar som ei due.Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge.Eg er i naud, Herre,gå god for meg, du!
15 Kva skal eg seia?Han gav meg ein lovnadog har gripe inn.Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagaretter all mi sjelekvide.