4 «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.»
5 Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren, Allhærs Gud:
6 Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, og det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren.
7 Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.»
8 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!»